Fredag 29.05
Dei som kjem fredag og som vil sette opp standen sin da, tek kontakt med oss for å få anvist plass
Lørdag 30.05
Vi vil vere tilstades i sentrum frå klokka 06:00, ta kontakt for å få anvist plass. *Vi gjer merksam på at alle må vere klare til å åpne sin stand klokka 10:00
Søndag 31.05
Vi vil vere tilstades i sentrum frå klokka 10:00. *Vi gjer merksam på at alle må vere klare til å åpne sin stand klokka 12:00
- Høyanger sentrum vil verte stengt av for trafikk allereie fredag kveld, men dei som treng å køyre inn til sentrum med varene sine skal berre passere desse sperringane. Køyr varsamt!
- Alle som har køyretøy som er ein del av standen sin må vere tidleg ute på laurdag.
- Alle køyretøy som det ikkje er booka plass til på torget må vere ute av torget i god tid før 10. Det vil vere eigen parkering for utstillarar bak samfunnshuset, her vil det og vere mogleg å campe med campingvogn eller bubil.
- Det vil føregå ein del parallelle aktivitetar utover helga, informasjon om desse kan dere finne her: https://hoyangerdagane.no/program/
- Det vil vere torgvertar tilgjengelege rund omkring i åpningstidene våre gjennom heile helga.
- Torgområdet vil verte inngjerda fredags kveld og etter stengetid laurdag, men vi gjer merksam på at kvar utstillar er ansvarleg for sin stand og sine varer.
- For dei som ha bestilt strøm: ta med eigne skøyteleidning/kabeltrommel da vi har begrensa antal.
