Informasjon til utstillarar

Fredag 29.05

Dei som kjem fredag og som vil sette opp standen sin da, tek kontakt med oss for å få anvist plass

Lørdag 30.05

Vi vil vere tilstades i sentrum frå klokka 06:00, ta kontakt for å få anvist plass. *Vi gjer merksam på at alle må vere klare til å åpne sin stand klokka 10:00

Søndag 31.05

Vi vil vere tilstades i sentrum frå klokka 10:00. *Vi gjer merksam på at alle må vere klare til å åpne sin stand klokka 12:00

  • Høyanger sentrum vil verte stengt av for trafikk allereie fredag kveld, men dei som treng å køyre inn til sentrum med varene sine skal berre passere desse sperringane. Køyr varsamt!
  • Alle som har køyretøy som er ein del av standen sin må vere tidleg ute på laurdag. 
  • Alle køyretøy som det ikkje er booka plass til på torget må vere ute av torget i god tid før 10. Det vil vere eigen parkering for utstillarar bak samfunnshuset, her vil det og vere mogleg å campe med campingvogn eller bubil. 
  • Det vil føregå ein del parallelle aktivitetar utover helga, informasjon om desse kan dere finne her: https://hoyangerdagane.no/program/
  • Det vil vere torgvertar tilgjengelege rund omkring i åpningstidene våre gjennom heile helga.
  • Det vil vere nattevakter frå lørdag til søndag, men vi anbefala likevel at ein ryddar og tømmer standen sin.
  • For dei som ha bestilt strøm: Fint om dei som har eigne skøyteleidning/kabeltrommel kan ta dette med da vi har begrensa antal.